Mariann Vestbøstad Marthinsen fekk i dag, før årets Ridderrenn vart sett i gang, utdelt Erling Stordahls ærespris på grunn av sin imponerande og allsidige idrettskarriere, melder ridderrennet.no. Og Mariann er både stolt og audmjuk, opplyser denne nettsida.

«Juryen har også lagt vekt på hennes personlige egenskaper som gjør henne til en god ambassadør for idrett generelt og til et flott forbilde for barn og unge. Hun har vært et forbilde med sunne holdninger til sin idrett», heiter det vidare på den samme nettsida.

Her vert det òg fortalt at Mariann sin eigen reaksjon på at ho får den prestisjetunge æresprisen var følgjande: – Eg vart svært overraska og tenkte at det var nesten i overkant at lille meg skulle få den prisen. Men jeg er veldig glad og stolt over tildelinga.

Mariann har vore med i Ridderuka seks-sju gonger i løpet av de siste ti åra, og ho synest dette er ei viktig veke som ho alltid gler seg til.

Les meir her.