Førstkomande måndag kjem sosialantropolog Erika Fatland til Fitjar for å fortelja om reisa si langs heile Russland si grense.

Det er Silje Vågen Torbjørnsen ved Fitjar folkebibliotek som skriv dette i ei pressemelding.

Erika Fatland frå Ølen har reist rundt den lange grensa til Russland og møtt folk i alle dei fjorten landa og skrive bok om opplevingane. No kjem ho til biblioteket på Fitjar måndag 25. mars mars for å fortelje om denne eventyrlege reisa.

I Grensen reiser forfattar Erika Fatland langs heile Russland si enorme grense på 60 932 kilometer. Ferda startar i Nord-Korea og endar ved Grense Jakobselv. I boka skildrar Fatland korleis dei fjorten svært ulike landa som grensar til Russland vert påverka av den mektige naboen, og ikkje minst korleis naboskapet har verka inn på liva til vanlege folk. Boka er like mykje ei reiseskildring i historia som ei reiseskildring i dagens naboland.

Fatland starta i det mest lukka landet i verda, Nord-Korea, og reiste vidare gjennom Mandsjuria, Mongolia, over Kaspihavet, gjennom utbrytarrepublikkane i Kaukasus og over Svartehavet. Vi blir med til Aust-Ukraina, der president Putin ekspanderer, og opp gjennom Baltikum og Finland til vår eiga 196 km lange grense mot Russland.

Erika Fatland er forfattar og debuterte med barneboka Foreldrekrigen i 2009. Ho vart brageprisnominert for den første sakprosaboka si, Englebyen i 2011. Sidan har ho gitt ut Året uten sommer om 22. juli-tragedien og reiseskildringa Sovjetistan. For denne boka fekk ho Bokhandlernes sakprosapris og Wesselprisen.

Fatland er også kåra av Literary Europe Live til ein av Europas ti beste nye samtidsforfattarar, og av Morgenbladet til ein av dei ti fremste forfattarane under 35 år i Noreg. Bøkene hennar er omsette til elleve språk. Fatland er utdanna sosialantropolog, meistrar åtte språk og har studert og arbeidd internasjonalt.

- Annonse -