Valdagen er fastsett til 9.septermber, men allereie no har du høve til å røysta.

Tidlegrøysting opna på Fitjar rådhus 1.juli, og fram til 9.august kan er komma innom i kundetorget på rådhuset å røysta. Kundetorget er ope mellom kl. 10.00 og 14.00, og ein treng ikkje avtale for å røysta. Ein treng berre møta opp, med gyldig legitimasjon.

Les ogso: Ingen stryking ved årets kommuneval

– Den ordinære førehandsrøystinga tek til måndag 12.august, og varer til 6.september. Nærare informasjon om opningstidene kjem, skriv Fitjar kommune på sine heimesider.

5 lister i Fitjar

I Fitjar er det 5 godkjende listeframlegg til kommunestyrevalet 2019. Listene, og intervju med førstkandidatane finn du her:

Høgre si liste – Intervju med førstekandidat Jo Kjetil Strand

Senterpartiet si liste – Intervju med førstekandidat Karen Elisabet S. Rydland

Arbeidarpartiet si liste – Intervju med førstekandidat Kjell Nesbø

- Annonse -

Framstegspartiet si liste – Intervju med førstekandidat Sigurd Andre Maraas

Kristeleg Folkeparti si liste – Intervju med førstekandidat Harald Rydland

Listene til fylkestingsvalet 2019 i Vestland finn du her.