Fitjar Idrettslag har registrert 89 idrettsmerke i 2011, men vonar i det lengste at nr. 90 melder seg.

Etter innspurten nyårsaftan og dei siste rapportane frå krinsane ser talet på idrettsmerke i 2011 ut til å stoppa på 89. Det er Øyvind Skålevik i idrettsmerkenemnda som fortel dette til Fitjarposten. Framleis har dei eit ørlite håp om at nr. 90 skal melda seg, men han understrekar at 89 er eit flott tal, litt høgare enn talet for 2010.

På nettsida til Fitjar Idrettslag kan du lesa sjølv om du er blant dei registrerte med idrettsmerket i 2011.