Banksjef Arve Havnerås. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Nye reglar stiller krav til at norske bankar må ha oppdatert informasjon om sine kundar. Er du i kunde i Sparebanken Vest kan du nytta høve under FIL sin familiedag på laurdag.

– Kvitvaskingslova krev at me må ha gyldig legitimasjon på våre kundar. So sjølv om me kjenner mange av våre kundar godt, treng me oppdatert kundeidentitet på dei, fortel banksjef Arve Havnerås.

Ein del kundar har allereie legitimert seg, og dei behøver ikkje å gjera noko.

– Dei som må visa gyldig legitimasjon blir kontakta på sms eller brev, og dei det gjeld får opp ei melding om dette når dei loggar seg inn i mobilbanken eller i nettbanken, fortel Havnerås.

Han fortel at du enkelt og sikkert kan oppdatera legitimasjonen din ved å senda inn bilete av deg sjølv og av passet eller førarkortet ditt(utstedt etter 1.januar 1998) i nettbanken eller mobilbanken. Eventuelt kan du gå innom i banken for å legitimera deg.

– I november har me utvida opningstid på Leirvik. Me har ope til kl.18.00 måndag til torsdag, og på laurdagar har me ope frå kl. 10.00 til 13.00.

– For å gjera det enno enklare for våre kundar kan du møta oss og gjera det i Fitjar kultur- og idrettsbygg på laurdag under 70års feiringa til Fitjar Idrettslag. Eg er der frå kl.12.00 til 16.00, fortel banksjefen.

Han fortel at du kan vere trygg på at informasjonen du deler med vert behandla på ein sikker og konfidensiell måte i samsvar med banken sin teieplikt.

- Annonse -

I tillegg til kvitvaskingslova, har bankane eit samfunnsoppdrag i å førebyggja og oppdaga økonomisk kriminalitet.

– Når du har oppdatert legitimasjonen din er du betre beskytta mot id-tjuveri og svindelforsøk, avsluttar Havnerås.