Sist veke vart det meldt at nokon har funne mogne blåbær.

Dei såg blå og fine ut, men var i grunnen litt sure i smak. Rette tida for blåbærplukking varierer, men me hugsar i alle fall attende til sommaren 2008. Då vart det plukka mykje blåbær første veka i august. Juli månad er og aktuell for plukking. Ein tur i blåbærskog er ei fin oppleving når smikke og mygg ikkje er nærgåande. Rørte blåbær smakar til dømes fortreffeleg til pannekaker. Eller kanskje du let deg friste til å lage pai eller smoothy av blåbær?

Det er verdt å minne om at blåbær skal vere svært så sunt: rikt på antioksydantar, vitamin C og blant anna jern. I folkemedisinen har det blitt sagt at blåbær gir god verknad når ein har diaré, diabetes og ulike plager med synet.

Vår oppfordring blir: Finn fram spann og plukkar, og ta ein tur i blåbærskog når tida er der!