Gjenbruksbutikken i Sagvåg arrangerer auksjon komande laurdag 29. august frå kl 15.00. Varene som skal seljast kan du på førehand sjå utstilte i butikken.

Gjenbruksbutikken tek i mot brukte varer av alle slag. Sidan starten i mars har ein lagt til side ein del antikvitetar med tanke på auksjon. Komande laurdag vert det høve til å by på desse. Auksjonen føregår i det store teltet ved sida av Gjenbruksbutikken. Der er det plass til mange. Av varer som skal under hammaren nemner me bl.a. porselen, åkle, mangletre, kister og rokk. Nokre av desse ser du bilete av nedanfor.

Gjenbruksbutikken har utvida opningstid denne laurdagen.