DU er kanskje ein av mange som gir småfuglane mat denne vinteren?

Minst 15 ulike fugleartar har ete ved dette fuglebrettet eller på meisbollar og talg no i januar. Det er spennande å sitje ved vindauget og studere fugle-aktiviteten ved ein foringsplass.

Denne helga kjem Norsk Ornitologisk Forening med ei oppfordring til å vere med på fugleteljing ved hus og hage eller hytte. Ei slik teljing føregår i alle dei nordiske landa samtidig 30. – 31. januar, og det er 3. gongen teljinga vert arrangert. Ei av målsetjingane er å finne ut korleis klimaendringar verkar inn på artssamansetjing av fuglar som overvintrar i Norge og Norden.

Du kan gå inn på www.fuglevennen.no. Der får du orientering og blir vist til registreringsskjema. På same sida finn du mellom anna oppskrift på heimelaga meisbollar og påminning om å hjelpe fuglane med matforsyning om vinteren.