– Det får du ikkje høyre før eg har fått det på plass i stova.

Slik svara ein som kjøpte seg juletre i dag. Både i sentrum og ved Joker-butikken på Rydland var det bra sal av edelgran. – Dei færraste ønskjer vanleg gran, seier dei to som selde juletre i sentrum, Sebastian Tufteland Thomassen og Sander Thomassen. Desse to blide gutane gjer arbeidet for morfar Oddbjørn. Dei legg til at det også vert høve til ein god handel i neste veke. Ved sida av trea ligg ei stikk-sag slik at folk kan få eit lågare tre dersom det er ønskjeleg. Gutane ser ut til å vere godt kledde, men dei ymtar frampå om at det er litt kaldt.

Ved Joker-butikken har Øvrebygda 4H rigga seg til med lavvo og eit stort lager av juletre. Tradisjonen tru vert det servert nysteikte vaflar medan salet føregår. Den fæle vinden med stormkast frå morgonen av har hindra 4H-arane i å fyre i den vesle omnen som står i lavvoen. Dermed vart det ikkje kakao, men vervarslinga for søndag gir von om omnsvarme og kakao. Tre jenter med godt humør, Victoria Maraas, Oda de Fine og Ingvild Olsen de Fine, hjelpte til med salet. Ein av leiarane i klubben, Ida Marlen Havn, var også med, og ho fortalde at salet held fram kvar dag framover.