Kjetil Hjelle fortel til Fitjarposten.no at han var på tur i Fitjarøyane på søndag. Ein fin rundtur  til  det fantastiske naturområdet vi har rett utanfor stovedøra. Men på ein slik tur får ein og sett ein del som ikkje høyrer naturleg heime i viker og strender.

-På Torsdagsøy fann han mellom anna ting som viser at somme vel lettvinte løysinger for å kvitte seg med det som har gått ut på dato.
Her ligg to kjøleskap i lag med plenty anna smårusk. Det eine er forsøkt senka med ein altfor liten stein…, fortel Kjetil Hjelle.

Tips oss om saker du meiner me bør skriva om.
MOB/SMS/MMS: 481 51 491 – e-post:
tips@fitjarposten.no