Kattungen på biletet er funnen i Fitjarstølane. Finnarane har ikkje funne ut kven eigararen er. Kanskje lesarane våre kan hjelpe?

Det var Aslaug Ottestad (snart 11) og Christer Innvær (13) som kom over kattungen som hoppa mot dei på Fitjarstølane i dag. Dei har spurt seg føre mellom naboane om nokon kjenner til han, men dei har altså ikkje lukkast å finne ut noko meir så langt.

Veit du noko meir om kor kattungen høyrer til, kan du ta kontakt med fitjarposten.no på mobil: 481 51 491.