Me har fått melding om ein liten saueflokk i nærleiken av toppen på Inste Klovskar i dag.

Det er Stig Koppang som har teke kontakt med oss i kveld. Han fortel at han møtte på saueflokken då han gjekk til topps på Inste Klovskar onsdag føremiddag i 11-tida.

Han sat på toppen på 555 meter då han fekk auge på sauene. Her oppe har det kome nytt skilt, og det er eit av turmåla i Topptrimmen til Stord Fitjar Turlag. Nærmare beskriving av kor dette ligg, er vel unødvendig for dei som har sauer i området, skulle me tru.

Her såg Stig Koppang 6-8 sauer, av desse eitt svart lam, og ein vaksen sau med bjølle. Dersom du saknar sauer som svarer til signalementet, veit du no kor du skal leita. Ta gjerne kontakt med Fitjarposten – tlf. 90 86 36 10 – om du treng hjelp.

anabolen kopen