På Årbø ligg ein robåt på land og ventar på at eigaren skal melda seg.

Dette er båten som Fitjarposten skreiv om 14. april. Etter at båten hadde lege i vasskanten og hatt det vondt ei stund, drog grunneigaren båten lenger opp på land, slik at han ikkje skal ta skade.

Dersom du kjenner igjen båten på biletet, bør du ta turen til Årbø og henta han. Båten manglar tiljer og tofter, men er elles ikkje i altfor dårleg stand. Rett nok må han trutna litt før du kan leggja ut på vatnet og ro han heim.

Grunneigaren på Årbø seier du gjerne må ta kontakt om du treng hjelp med å få båten på vatnet.