Er det ingen som saknar syklane sine? Foto: privat

Vestbøstad Vel hadde i helga sin årlege vårdugnad, og Jostein Helle i foreininga undrar seg over at to barnesyklar har fått stått ute i heile vinter.

Av: Jostein Helle for Vestbøstad Vel

Våren er komen og tradisjonen tru inviterte Vestbøstad Vel til dugnad laurdag 8.mai. Sjølv om oppmøte i år nok var noko mindre enn dei føregåande år fekk ein iherdig gjeng av store og små rydda søppel langs vegane, og starta klargjeringa til ein ny sesong både på leikeplass og i stranda.

Velfortent is. Foto: privat

Når ein ryddar slik dukkar det opp mykje. Om det fortel mest om ungar som har alt og ikkje tek vare på utstyret sitt, eller om det er foreldra som ikkje bryr seg veit me ikkje, men blant attgløymde ting ved stranda var to syklar. Desse ber preg av å ha stått ute ein vinter. No får eigarane nokre dagar på seg til å henta syklane. Om ikkje går siste reis til SIM i løpet av denne veka.

Avslutningsvis var det samling i stranda med kaffi og is til dei som hadde vore med. Vellaget ynskjer igjen å takke dei som valde å bruka nokre timar til dugnad for fellesskapet.