Dersom det er tilfelle, vil nok desse foreningane gå ut etter kvart.

Dersom det er tilfelle, vil nok desse foreningane gå ut etter kvart. Men me har sett at innan NMS (Norsk Misjonsselskap) sine foreningar er stoda annleis. Fitjar fellesforening av NMS heldt si årlege, ja vårlege, samling sist laurdag, denne gongen på Øvrebygda bedehus.

Sokneprest Gunvald Bjotveit og kona Selma tok møtelyden med på ein ferietur til nær familie i Etiopia. Dei fortalde bl.a. om dei store flokkane som møtte fram til gudsteneste, og alle såg ut til å ha god tid. Kanskje me skulle vere flinkare til å vise glede når folk kjem til kyrkje eller andre stader der Guds ord vert forkynt,  undrast Bjotveit.

Områdesekretær Edel Sørvik heldt andakt og kom inn på delar av påskebodskapen. Som vanleg vart det tatt opp offer til NMS sitt misjonsarbeid i andre land. I matpausa fekk me sjå at det var dei yngre damene som hadde ansvar for servering og alt arbeid på kjøkkenet. Desse er faste medlemmer i ei forening i Øvrebygda. Også på Vestbøstad er det fleire yngre med i forening for NMS.

NMS har  hatt misjonsforeningar i Fitjar kommune sidan slutten av 1800-talet. Gammal misjonsglød står framleis ved lag.  Det gjeld også innan andre misjonsorganisasjonar. Den tradisjonen vil halde fram så lenge nye og unge medlemmer kjem til. Foreningsarbeidet betyr mykje for dei som er med, men er og til stor økonomisk hjelp for misjonsprosjekt i mange land.