Til vanleg er Fitjar kyrkjegard nystelt og fin til konfirmasjon og pinse. Det var han ikkje i år. -Men no er me i full gang med slåinga, og  har tru på at alt skal sjå bra ut på 17. mai.

Det er kyrkjeverje Harald Johan Sandvik som seier dette på spørsmål frå fitjarposten.no , etter at ein del fitjarbuar har teke kontakt med oss fordi dei ikkje møtte nyslegen bakke på kyrkjegarden søndag.

Sandvik skjøner godt at folk reagerer, men forklarer situasjonen med at når det var fire gravferder i førre veke; når dei har minimalt med mannskap på kyrkjegarden, og ikkje fekk ekstrahjelp, lukkast det diverre ikkje å få gjort noko med graset før søndag.

Men til 17. mai skal det altså bli bra.