– Episenteret for jordskjelva i Sunnhordland er i Fitjar, annonserte Vestlandsrevyen i 18.40-sendinga i kveld.

Fleire fitjarbuar har fortalt til fitjarposten at dei registerte skjelva i natt, utan at nokon av dei me har snakka med laga nokon dramatikk ut av det. Det siste skjelvet, som kom rundt klokka 13.30 i dag, fekk me òg sjølve erfare. Underteikna var i kyrkja og øvde med nokre skuleelevar då veggane plutseleg dirra. Ei spesiell oppleving, men ikkje noko meir.

For sjølv om det siste skjelvet var kraftigare enn det første, nådde heller ikkje det høgare enn til 3,4 på magnitudeskalaen. Og når ein tenkjer på  at denne skalaen er logaritmisk, slik at ein styrke på 4 er ti gonger så sterk som ein styrke på 3, veit ein at dette er langt under faregrensa.

– Først når me passerer styrke 4,5, vil det kunne forårsake skadar, sa professor Kuvvet Atakan ved UiB til bt.no tidlegare i dag, og på Vestlandsrevyen i kveld tok han opp igjen at dette ikkje er noko å bekymra seg for. Atakan meinte elles at området her i Sunnhordland kan vera inne i ein jordskjelvsverm som kan vare ei tid. Men heller ikkje det er noko å engste seg over, meinte han.

Les meir om saka i andre medier:

Jordskjelv herja Sunnhordland i natt (sunnhordland.no)

Jordskjelv i Sunnhordland (nrk.no)

Det nye jordskjelvet var kraftigere (nrk.no)

Fortel gjerne korleis du opplevde skjelvet på vår Facebook-side.