Tysdag var Rimbareid skule og dei andre skulane, både i kommunen og resten av landet, med på å friska opp løftet dei første eidsvollmennene gav då dei einast om Grunnlova i 1814.

Hand i hand danna elevane ei lenkje som rakk frå skulen og ned gamlevegen til rådhuset. Og etter å ha stilt opp, telte rektor Siv Grete Stamnes opp, og klassane sa fram løftet, ein etter ein, som ein stafett. Etterpå gjekk alle elevane, lærarane og assistentane forbi rådhuset, der mellom andre  skulesjef John Karsten Raunholm og ordførar Wenche Tislevoll fekk med seg markeringa.

Markeringa med ein del av markeringa av 200-årsjubileet for Grunnlova. Akkurat broderkjeda er eit samarbeid mellom organisasjonen Eidsvoll 1814 og P1-programmet Norgesglasset. Alle skulane i landet har blitt spesielt invitert  til å delta i denne koordinerte aksjonen. Dei sm er interessert kan gå inn på nettsida til Norgesglaset og sjå på innsendte bilete frå heile landet, og kanskje det dukkar opp bilete frå Fitjar der.