Fitjar barnegospel fylte bedehuset på Fitjar med englesong og barnleg forventing og glede då dei inviterte til julekonsert denne veka.

Ingen kan synga julegleda ut slik som dei vel 40 ungane i Fitjar barnegospel. Med flotte songar, fin utstråling, store songglede og levande engasjement var det ei fryd å lytta til koret. Dei synte at englane sin song, som dei song om at er to tusen år, er høgst levande i dag og. Strålane, lokale englar i alderen 5 til 11 år fekk eit fullsett bedehus i ekte julestemning. Det var ingen såkalla tradisjonelle julesongar å høyra, men nyare barnekor-songar som gjev like mykje julestemning som dei eldre klassikarane. Nokre av songane har etter å ha blitt brukt ein del år blitt ein viktig del av advents- og juletradisjonen til Fitjar barnegospel, og er etter kvart blitt kjende og kjære for publikum. Og bodskapen var ikkje å ta feil av. Her handla det om «Det store underet», at «En konge er født», «Guds gave», at «Vi feirer Jesus» og at «Gud åpenbarte sin kjærlighet».

Koristane song godt under leiing av Randi E. Brekke og med god hjelp av Kristin Vestbøstad, Helga Aadland og Hilde Karin V. Eiken. Elin Sørfonn (fiolin og piano), Dagfinn Brekke (gitar), Anders Sætre (gitar) og Steinar Vik (trommer) utgjorde bandet til koret og var verkeleg med å løfta og understreka songen. Fleire unge songarar var i aksjon som solistar og rørte pulbikum til tårer. 

Sokneprest Olav Johannes Oma var invitert med på konserten for å ha andakt. Han snakka om den første nissen, Nikolas av Myra, som delte ut pengar til dei fattige om nettene. Han vart gjort til helgen og vert rekna som den som er inspirasjonen til julenissen.

Etter all den stemningsfulle julemusikken vart det servert pepperkaker og mandariner, noko som fall godt i smak både hos songarar og publikum.

Med denne konserten tok Fitjar barnegospel juleferie, men ynskjer nye og gamle songarar velkomen til nye øvingar etter jul, fortel dirigent Randi E. Brekke.

Foreldre og besteforeldre i salen ville gjerne retta ei stor takk til alle leiarane i koret som gjer ein stor frivillig innsats for at ungane på Fitjar skal få høve til å vera med å synga i eit så kjekt gospelkor: Eit kor som kan gle eit fullsett bedehus med flott englesong.

Vi inviterer deg nå til å feire at Jesus er kommet.
Det som vi har ventet på, er skjedd slik Gud hadde lovet.
Himmelens rike er nær, et lite barn, en frelser han er.
Gleden er stor over vår jord, Jesus blant oss bor. (Reidar Skaaland)
Fitjar barnegospel

steroidi anabolizzanti online