Av alle dei fine musikalske innslaga på årets julekonsert i Fitjar kyrkje var Panis Angelicus framførd av mannskoret saman med eit ungt englekor på galleriet det aller flottaste.

Skulekorpset opna konserten og sette jule-tonen med Joy to the world. Me kunne kjenna julestemninga og julegleda koma sigande og forventingane til resten av konserten steig.  Korpset innfridde, og både juletonane, Anne Lunde (kornett) sin flotte solo og unge Oda Rydland (12) sin eufoniumssolo var ei fryd å lytta til. Anne spelte og Gabriels Obo saman med Harald Skumsnes på  orgel. Anne er vorten ein svært dyktig kornettist med flott klang i instrumentet sitt og trygge framføringar. Her var det berre å lena seg attende i dei harde benkane og la tonane smyga seg inn under huda.

Fitjar barnegospel livde opp konserten med si sprudlande songglede og juleforventing, og det var kjekt både å høyra dei og sjå dei. En konge er født har stått på repertoaret til koret i ein del år og vart i år sjarmerande framførd med alle førskuleungane som solistar, i tillegg til Eirin M. Oma og Sofie Rimmereid. Koret hadde og mange andre flinke solistar som saman med koret framførde fleire nyare julesongar. Koret song godt i og var eit friskt og kjekt innslag.

Judith E. Hageberg spelte to fløytestykke akkompagnert av Harald Skumsenes på orgel. Ho starta med Pie Jesu, og her kunne ein nok ein gong lena seg attende i benken og berre nyta dei flotte tonane som fylte kyrkjerommet.

Osternes mannskor høyrer naturleg med på julekonserten. Etter to julesongar på norsk avslutta dei si avdeling med Panis Angelicus. Det starta på tradisjonelt mannskorvis, akkompagnert av Svein Tørnquist på piano. Då englekoret på galleriet kom inn på det andre verset, gjekk det eit smil gjennom forsamlinga. Det som kom var uventa og flott. På galleriet stod ein flokk på vel 30 grønkledde korpsmusikantane og song som sjølvaste Sølvguttene. Bak dei igjen sat det tre tuba-gutar frå korpset og sørgde for djupne i musikken.

Sjølv om det var meir enn nok flott musikk å gle seg over, var det eit sakn for mange at det ikkje vart song av Runar Thor Gudmundsson slik det var annonsert. Men fin julemusikk av Fitjar musikklag, det fekk me, i eit flott arrangement av Det kimer nå til julefest. Musikklaget var og med på det siste og mektige avsluttingsnummeret Deilig er jorden, med korps, orgel og allsong i eit flott arrangement av Tom Breivik.

Med på konserten var og Eli Simonsen, som  las med stor innleving, ei julelegende av Eivind Skeie. Sokneprest Olav Johannes Oma takka alle songarane, musikarane og organist Harald Skumsnes for ein flott konsert og lyste Guds signing over forsamlinga før dei gjekk frå kyrkja.

«Eit flott og overraskande innslag det der med det englekoret.» «Dei kunne jo verkeleg syngja desse unge musikantane.» » Det der englekoret var verkeleg høgdepunktet på konserten.» Slik gjekk praten då dei opp mot 400 publikumarane var på veg ut i regnet igjen, og frå ulike kantar kunne ein framleis høyra unge stemmer som nynna Panis Angelicus…