Sigurd Andre Maraas, Terje Tislevoll og Harald Rydland. Foto: Ingrid Hovstad

Formannskapet vedtok i dag at Engevik & Tislevoll As får næringsprisen for 2019.

Ordførar Harald Rydland saman med varaordførar Sigurd Andre Maraas og kultur- og informasjonsjef Bente Bjelland overraska dagleg leiar Terje Tislevoll med prisen etter møte.

Formannskapet meiner Engevik & Tislevoll As fortener prisen etter å ha vore, og fortsatt er ein viktig samfunnsaktør i Fitjar.

– Heilt frå etableringa 1954 har dei hatt basen sin på Fitjar og all verksemd har vorte drive med utgangspunkt frå den. Dei har vore ein av dei største arbeidsgivarane i bygda i fleire tiår, og er gode ambassadørar for Fitjar med sitt kvalitetsstempel og gjennomføringsevne, skriv formannskapet.

Vidare set politikarane lys på verksemda sitt fokus på bærekraft, innovasjon og miljø, og deira raushet.

– Dei er svært rause i sitt bidrag til fellesskapet i bygda både når det gjeld å gje bidrag til lag og organisasjonar, og samarbeidsprosjekt til glede for folket i Fitjar.

Dagleg leiar Terje Tislevoll vart nærmast mållaus når han fekk besøk i ettermiddag.

– Eg vart litt sett ut, men dette var jo veldig kjekt. Det er kjekt å bli satt pris på, sa Tislevoll. Han fortel at Engevik & Tislevoll har fått den gjeve prisen ein gong tidlegare, tilbake i 1994.

Sjølve prisen vert dela ut på årsmøte i Fitjar næringsråd.