Det låg i korta, men no er det så godt som klart at det blir Engevik & Tislevoll som skal byggja nye Rimbareid skule.

Både Utval for oppvekst og omsorg (i går) og formannskapet (i dag) har einstemmig gått inn for at den lokale entreprenøren skal få denne kontrakten.

Rett nok skal saka endeleg avgjerast i kommunestyretmøtet neste onsdag, men det må omtrent eit lite «jordskjelv» til for at ikkje saka skal få same utfall der òg.

Fitjarposten har tidlegare presentert tilbodet som synte at tilbodet frå  Engevik & Tislevoll låg rundt  sju millionar kroner under tilbodet frå Engelsen bygg (50,2 millioner mot 57,9 millionar).

– Til prosjektleiing og oppfølging av utbygginga vil det bli oppretta ei stilling på 30 prosent, heiter det òg i vedtaket.

.