Entreprenørkontrakten for feltutbygginga på Rossneset går til Engevik & Tislevoll AS vedtok Fitjar formannskap i eit lukka møta i føremiddag.

I pressemeldinga etter formannskapsmøtet heiter det:

«Entreprenørfirmaet Engevik & Tislevoll AS i Fitjar, er tildelt kontrakt for bygging av tekniske anlegg for ca. 200 bueiningar i nytt bustadfelt på Rossneset i Fitjar kommune. Kontrakten har ein verdi på NOK 64 mill. eks. mva.»

Prosjektleiar Magne Johannes Tislevoll i Engevik & Tislevoll AS kommenterer til fitjarposten.no at dette er kjempepositivt for firmaet. -Dette er den største kontrakten me har fått på grunnarbeid nokosinne, og han gjev oss arbeid i to år frå me startar til me er ferdig, seier han, men presiserer at kontrakten enno ikkje er endeleg underskrive. Det skal skje 4. august. -Men eg har allereie heist flagg her eg er på Matfestivalen i Stavanger, legg han smilande til.

Tidlegare i dag vart det klart at Havnahagen AS v/ Karl Sandvik m.fl. og Fitjar kommune har inngått samarbeidsavtale om utbygging av nytt bustadfelt på Rossneset i Fitjar.

Fitjar kommune står som ansvarleg utbyggar medan Havnahagen AS elles skal stå for gjennomføringa av prosjektet med m.a. marknadsføring og sal av tomtene.