Zumbaen i morgon er flytta til klokka 18.00, får me opplyst frå Fitjar Treningssenter.

Årsaka til flyttinga er russerevyen, fortel Kari Raunholm i Fitjar Treningssenter. No vonar ho at zumbainteresserte hugsar å sjekka kalenderen på fitjarposten, slik at dei ikkje kjem for seint til neste zumbatime, som altså er tysdag klokka 18.00.