Handballdamene til Fitjar vann kveldenes seriekamp mot Tertnes med 28-23.

Damene har slite tungt i 4. divisjon i haust etter at dei rykte opp i vår, men i kveld kunne dei endeleg jubla over ein velfortent siger mot Tertnes.

Dei kom godt i gang og gjekk opp til 1-0 ved Amalie Korsvik før det hadde gått eit halvt minutt. Snart var jentene oppe i 3-0 og kunne godt ha scora både fem og seks mål utan at gjestene såg ut til å ha evne til å kvittera. Men Fitjar-skota begynte å gå i stolpen, og gjestekeeperen spelte seg litt opp. Heimelaget fortsette å spela bra, og heldt seg 2-4 mål føre gjestene heile første omgang. Pauseresultatet 14-11 bar bod om sårt tiltrengte poeng.

Fitjar kom godt i gang i andre omgang også, og såg ut til å hekta av gjestene med fleire fine mål i byrjinga. Men Tertnes-jentene beit seg fast og var nesten ajour på 20-21 rundt 10 minutt før slutt. I nokre spanande minutt stod kampen og vippa; keeperane i begge måla redda straffekast rett etter kvarandre. Men etter kvart fekk Fitjar igjen overtaket med fleire fine kontringsmål i rask rekkjefølgje. Dermed kunne dei innkassera ein etterlengta siger 28-23.

Fitjar-trenarane, Harald Engevik og Charlotte A. Solberg, var sjølvsagt fornøgde med sesongens første siger. Diverre var det berre tre-fire tilskodarar på tribunen, i ein kamp som mange fleire burde fått med seg.

– Den beste kampen me har spelt i år, var både spelarar og trenarar einge om.

Neste heimekamp i 4. divisjon er tysdag 7. januar kl. 19.30 mot Fyllingen 3. Vonleg med langt fleire på tribunen for å sjå damene sikra seg fleire poeng, mot eit lag som absolutt er råd å hanskast med.

Fitjar sitt lag (scoringar i parentes): Kristine Korsvik (keeper), Solveig Fitjar (keeper), Ingvild Rimmereid (6), Lillian Gjuvsland (1), Amalie korsvik (3), Ingvild Kannelønning (8), Miriam Almås (3), Maria Larsen, Marita Helland, Julie S. Jensen (2), Marit Thorland (2), Randi Thorland (3).