Etter nesten to dagar utan straum, fekk dei siste abonnentane som vart utan elektrisk kraft i går, straumen tilbake. -Me fiksa  skaden i går, men så dukka det opp ein ny feil. Og først klokka 15.23 i ettermiddag kunne me kopla inn dei siste kretsane, seier vaktsjef Edmund Helland i Fitjar Kraftlag, som vonar de vil gå bra no, utan at fleire feil dukkar opp.