Førstkomande torsdag startar Fitjar barnegospel opp att etter ein lang sommarferie.

«Kor ti» begynne kore»?'», «Vett du kor ti» Fitjar barnegospel startar?», » I år ska» eg gå på kor, veit du kor ti» da e?», spørsmåla har kome hyppigare og hyppigare utover hausten. Mange har venta forventingsfullt på at korøvingane skal ta til. No kan eg svara: Ja, eg veit kor tid koret startar opp att etter ferien. Torsdag 16. september er første øvingsdag. Pianist i koret, Lovise Vestbøstad, seier ho gler seg til å ta til igjen, og ynskjer gamle og nye kormedlem velkomen på øving. Alle som er fem år eller eldre kan gå i koret, det vil sei alle dei som er fødd i 2005 eller tidlegare, og i koret kan dei vera med så lenge dei vil.  Når dei tek til på ungdomsskulen er dei velkomne over i Fitjar tensing. Øvinga varer frå 17.30 til 18.30, og det vert ein liten pause på midten med noko enkelt å bita i og ein kort andakt. Foreldre, eller andre vaksne som føl ungane, er velkomne til å sitta å høyra på.