Ja, endeleg kom snøen! 5A og B var klare for ny utedag med kakao og god niste i sekken og litt andre aktivitetar enn dei me elles har i skulekvardagen.

Me stoppa i  Klosterbakkane.

«Klar ferdig gå» var startropet frå høgaste punktet i bakken. Nedover bakken bar det, – over sjølvlaga hopp og like ned til hovudvegen som var merka med varselstrekant denne dagen. Kjempegøy!

På flata over vegen var det gjort klar for «tikken i månesirkel».

«Kven har han???» Aktivitetsnivået var høgt. Knall og fall, men berre smil!

«Vil nokon ha bollar og brownies? – Eg har baka!» kom det frå Mathias. Klart det! Rundt steinøya midt i bakken kroa dei seg rundt bålet. God niste, pølse, varm kakao og bollar- samt brownies! Fantastisk! Det rare er at alt smakar så utruleg godt her ute i bakkane!

Så var det tid for snøfigurar. I grupper på 3 og 4 pakka dei snøen og trilla for å få byggja den høgaste figuren.

Slik gjekk dagen kjemperaskt. Herleg – med snø som gir rom for mange kjekke aktivitetar!

Helsing 5A/B