Handballdamene til Fitjar IL fekk sin første siger på lenge då dei slo Nore Neset så klart som 28-19 tysdag kveld.

Dermed fekk Trond Arnevik den første sigeren sin sidan han tok over som trenar for Fitjar-jentene i vinter. Så det var ikkje rart det var god stemning både på benken, på banen og på tribunen i kveld.

Laga følgde kvarandre som skuggar heile første omgang, men Fitjar sleit seg til ei tomålsleiing rett før pause. Og denne løeiinga gav ikkje Fitjar-damene frå seg. Dei heldt seg i føringa heile vegen, men klarte ikkje å dra frå før på slutten av kampen.

Ikkje minst kan dei takka keeperen Lisa Folkedal for at dei klarte å dra frå Nore Neset på slutten. Men også Ida S. Fitjar viste bra keeperspel, og redda blant anna eit straffekast. Toppscorar for Fitjar blei Miriam Almås, som scora heile sju mål frå vingen sin.

Med kveldens siger har Fitar-damene med eitt fått fire lag bak seg på tabellen. Både Flaktveit og Mathopen, som ligg under streken, har spela fleire kampar enn Fitjar. Neste kamp er heime mot Gneist 2 onsdag 5. november. Terminliste og tabell for 5. divisjon kan du studera her.

Fitjar sitt lag mot Nore Neset (scoringar i parentes): Lisa Folkedal (k), Ida S. Fitjar (k), Charlotte Ayoe Levåg (5), Randi Thorland (3), Miriam Almås (7), Maria Larsen (5), Lillian Gjuvsland (3), Julie S. Jesen, Ingvild Rimmereid (5), Martine Hareide, Vilde R. Kjelling.

Ingressbilete: Miriam Almås blei igjen toppscorar for Fitjar, denne gongen med sju mål frå vingen. Foto: Kjetil Rydland.