Fitjar var klart best i botnoppgjeret mot Bremnes og vann 4-2 på Olvondo Stadion fredag kveld.

Bortekampen mot det andre botnlaget i 4. divisjon blei Fitjar sin kamp både på banen og på sidelinja. Dei faste støttespelarane til Fitjar-gutane møtte mannjamt opp og utgjorde fleirtalet på den vesle tribunen, og fekk sjå Fitjar dominera kampen mot Bremnes.


Badi Hurasi var blant dei beste på banen mot Bremnes, og scora eitt mål. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar begynte best og etablerte seg på Bremnnes sin halvdel av kunstgraset på Olvondo Stadion, og der heldt dei seg mesteparten av kampen. Etter to minutt skaut Thomas V. Waage rett over, og etter 10 minutt var det klart for 1-0 ved same mann. Øyvind Fykse Lie fekk med seg ballen inni feltet til Bremnes, og spela ut til Thomas, som kom stormande og smelte ballen i mål frå 15 meter.

Fitjar kontrollerte resten av første omgang og gjekk til pause med ei fortent 1-0-leiing. Eit lite stykke ut i andre omgang var det klart for 2-0, då Badi Hurasi enkelt heada inn eit fint innlegg frå høgreback Brynjar T. Engelsen. Og etter ein halv time av andre omgang såg kampen ut til å vera avgjort, då Thomas V. Waage la på til 3-0. Han fekk ei fin pasning frå innbytar Jonas Tislevoll, og skotet hans gjekk via ein Bremnes-fot i ein fin boge over keeper og i mål.

Men eit par minutt etter bestemte dommaren seg for å invitera Bremnes inn i kampen igjen. Han såg ein hands som ingen andre såg då Kjell André Thorland møtte ein ball med brystkassa inne i Fitjar sin 16-meter. Straffesparket sette Guttorm Kallevåg sikkert i mål, og ny spenning i kampen.

Fitjar heldt fram med å dominera, ikkje minst Kjell André Thorland, som serverte den eine lissepasninga etter den andre. Frå midtstreken spela han fram mot 16-meteren, der Thomas V. Waage kom i kjent storscorarstil og knuste ballen utakbart i nettet. Med 4-1 til Fitjar burde kampen vera avgjort, men berre eitt minutt etter reduserte Bremnes på ny, ved Sindre Steinsbø frå kort hald.

Og dette blei innleiinga på ein intens og brutal sluttspurt frå Bremnes si side. Eit par minutt før slutt såg det ut til at Bremnes fekk ballen i mål igjen, men etter å ha konferert med assistenten på linja, dømte ikkje dommaren mål. Dermed reid Fitjar av stormen, og kunne innkassera tre høgst velfortente poeng.

Best på banen i kveldens kamp var som vanleg Kjell André Thorland. Han la crossballar og lekre framspel som han er åleine om på dette nivået. Dette var noko Bremnes-spelarane ganske snart oppdaga, og brukte både reine og skitne tricks for å klippa han ned. Dette kosta Bremnes eit par gule kort, men dommaren burde ha slege hardare ned på det ufine spelet.

Etter dagens trepoengar er det framleis luft i Fitjar-fotballen, og trenar Kjell Træet og gutane hans kan ta med seg ei god oppleving til ferien. Og ei god von om å komma sterkare att til hausten.


Bremnes-keeperen fekk mykje å hengja fingrane i under kveldens kamp mot Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar 2-4 (0-1)
Olvondo Stadon, fredag 26. juni kl. 18.30
Seriekamp 4. divisjon, menn
Publikum: 60

Mål: 0-1 Thomas Vestbøstad Waage (10), 0-2 Badi Hurasi (52), 0-3  Thomas Vestbøstad Waage (76), 1-3 Guttorm Kallevåg (78, straffe), 1-4 Thomas Vestbøstad Waage (84), 2-4 Sindre Steinsbø (85)

Gult kort: Guttorm Kallevåg og Stian Jonassen, Bremnes.

Fitjar sitt lag: Oddgeir Træet, Brynjar Engelsen (Johannes Myhre 85), Emil Fitjar, Torbjørn Korsvik, André «Mini» Helland (Sander Tverborgvik 75), Helge Myrmel Træet (Jonas Tislevoll 12), Øyvind Fykse Lie, Kjell Andre Thorland (Nils Ingard Tislevoll 90),  Badi Hurasi (Mats Westvik 85), Thomas Vestbøstad Waage (Sebastian T. Thomassen 85).

Dommar: Bjarte Kaland Hestenes, Varegg Fotball