Livreddarar vart kursa i haust, og dermed er alt på plass til at bassenget opnar att på mandag. På bilete: livredningsinstruktør Kristian Vermundsen. Foto: Kjetil Rydland.

På mandag er det nok ein gong ope i bassenget ved Rimbareid skule for dei som vil ta seg ein dukkert.

Mandag 25.januar skulle bassenget ved Rimbareid skule endeleg få opna opp for alle, etter å ha vore stengt etter skuletid i starten av året.

Diverre for dei som hadde gleda seg måtte Fitjar Frivilligsentral melda at det ikkje vart bading mandag 25. Ein del i pumpesystemet måtte skiftast før bassenget kunne opna. Forhåpentlegvis fekk folk med seg beskjeden over sosiale medium slik at det ikkje vart noko bomtur til skulen.

Torsdag kunne Fitjar Frivilligsentral melda at bassenget var i orden. Dermed vert det bading mandag 1. februar.

– Ver venleg å hald 1 meter avstand og bruk antibac før du går inn. Ingen kontant betaling, berre vipps eller på førehand. Det er regulert til 4 familiar den første timen kl. 18, 10 born i 2.timen k.l 19 og inntil 6 vaksne den siste timen kl. 20, skriv Frivilligsentral.

God bading!