Torsdag føremiddag kom det endeleg ny sand i sandkassen på leikeplassen ved Fitjar bedehus.

Eg tok ein telefon til ein av brukarane av bedehuset, 4 år gamle Johannes Moldestad Oma. Han har venta på sand i sandkassen på leikeplassen så lenge han kan hugsa, og eg er spend på å høyra hans reaksjon på det som har skjedd. «Hei, Johannes», seier eg, «no har det komen sand i sandkassen på bedehuset».  «Eg vett de», eg har allerede vært der,» kjem det kjapt frå Johannes. 4-åringen som har auga for traktorar og som har utsikt mot leikeplassen frå kjøkenvindauga hadde lagt merke til traktoren som var der med sand dagan før, og det gjekk ikkje så lange stunda før han hadde vore på plass med medbragt bøtte, spade og leiketraktor. «De» e» veldig kjekt med den nye sanden,og det var komt litt mye sand, syns eg», seier Johannes. «Og vet du ka, eg kan ballansere på kanten slik som de store jentene!».  Johannes likte seg så godt at han vil ein tur på leikeplassen i dag og, seier han før han seier ha det og legg på.

Det var babysong og småbarnstreff som spanderte ny, etterlengta sand til sandkassen, og som gjorde dugnaden med å renska den gamle sandkassen for ugras og få på plass den nye sanden. Dei har og gått til innkjøp av litt sandkasse-leiker, men desse vil vera innelåst på bedehuset til vanleg. Onsdag 1. september skal småbarnstreff ha leikeplasstreff på bedehuset. Då vert leikene tekne fram og sandkassen kan innviast på ny.