Allereie i slutten av denne månaden startar entreprenør Bertelsen & Garpestad AS arbeidet med å retta ut og oppgradera ulukkesdistansen ved Vistvik. Arbeidet ventast ferdig i løpet av 2015.

Med ny veg forsvinn den farlege flaskehalsen ved Hovland og Engevik, og det vert  80-sone der det er 60-sone no.

I følgje bt.no fortel Robert Balzer i Statens vegvesen at den nye og 2,3 kilometer lange E39-distansen ved Vistvik, Hovland og Engevik skal vera ferdig i desember 2015, med 80-sone, gang- og sykkelveg, veglys, støyskjerming og trafikksikringstiltak. For å få gjennomført prosjektet er det gjort avtale med nærmare 30 grunneigarar. Forhandlingar om innløysing eller skjerming av eitt bustadhus står att.

Omkøyring om Fitjar
På grunn av sprengingsarbeid vil  E39 blir stengt for trafikk om natta i tre månader før jul. Det vert då omkøyring om Fitjar.

Ulykkesveg

På  vegstykket som no skal utbetrast har det som kjent  vore ei rekkje utforkøyringar og kollisjonar. Mellom anna mista ei ung mor livet i ei møteulukke i ein av Vistvik-svingane, i januar i fjor.

Ingressbilete: Frå ei ulykke på det omtalte vegstykketpå E39 i november 2012. No skal vegen utbetrast. Foto: FP/HCH