I dag gjekk endeleg isen på Storavatnet opp, etter regn og kraftig vind.

Me er ikkje heilt sikre på om det er ny rekord, men det er iallfall svært sjeldan at isen ligg på Storavatnet til midten av april. Me kan hugsa at det har skjedd eit par gonger før i løpet av dei siste 40 åra, men veit ikkje heilt sikkert datoen. Om nokon veit, hadde det vore kjekt om dei kunne fortelja oss det.

Sjølv om isen har sett relativt bra ut heilt til det siste, er det lenge sidan han var trygg. Det er snart to månader sidan Peters stol, 22. februar. I følgje tradisjonen var isen aldri trygg etter denne datoen. Etter som det ikkje var tilrådeleg å gå på isen etter Peters stol, hadde ingen plikt til å hjelpa deg om du var så uheldig å å gjennom isen så seint på året.