Laurdag er det smekkfullt, men enno er det nokre ledige plassar til revypremieren i morgon, seier Ole Bergesen framfor årets sommarrvy «So gale da gaula».

Fitjarposten var så vidt innom teltet i dag og kan fortelje at det står mange lokale godbitar på programmet, i tillegg til moroinnslaga til  Dag Schreiner.

Både sceneensamblet og orkesteret er klart, og den bakarste delen av teltet har fått eit ekstra podium, slik at alle skal få med seg det som skjer på scena.

Premieren finn stad kl. 20.00 i morgon.