I desse kalde januardagane er det nok slik at dei fleste følgjer med på gradestokken både heime og i bilen. Rett før midnatt i går kom det melding om ny kulderekord.

Lise-Katrine Grimen sende ein e-post rett før midnatt. Der skriv ho om om temperaturmåling på Helland ca. kl 21.30. Ho kom køyrande på «Andersmyrane» og tok eit bilete med mobilen. Lise-Katrine beklagar dårleg kvalitet på biletet. Men tala syner i alle fall kor kaldt det var, -24 gr. Me viser til temperaturmålinga kl 20.10 der biletet fortel om 22,5 kuldegrader på same staden.