Me kan atter slå fast at fitjarbuen likar å gå på basar og då sit pengane laust, som det heiter.

I ettermiddag var rundt hundre born og vaksne sessa på Øvrebygda bedehus. Då skjønar me at det måtte vere bra fullt. Born i ulike aldrar sat spente og venta på vinnarlykke, nokon i mamma sitt fang, andre greidde seg åleine. Tysdagsklubben sin årlege basar vart ein fulltreffar. Mange gevinstar og nesten 20.000 kr i innkome er eit flott resultat. Pengane skal gå til Barnas Misjonsprosjekt i Japan. Klubb-borna innleia med frisk song før Olav Oma heldt andakt. Det såg ut som alle følgde godt med på det han formidla om Guds omsorg for oss, uansett kven me er og korleis me ser ut.  Meir song og ein liten filmsnutt frå Japan stod og på programmet. Borna kosa seg med frukt av ymse slag medan åresalet føregjekk, og det var høve til å gjette kor mange snop det var i eit glas. Trekkinga var nok høgdepunktet for borna, og mange gledde seg over det dei vann. Nokon var kanskje uheldig med gevinsten sin, men fekk ja frå ein vaksen då det vart spurt om å få bytte. Eit stort påske-egg passar nok best for den som er liten.

Om fire dagar er det nye vinnarsjanser. Då er det basar til inntekt for Øvrebygda bedehus. Laurdag ettermiddag må vel passe godt for ei triveleg stund med mat og kaffi og ein god drøs samstundes som ein får med seg åresal og truleg auksjon.