Temakvelden i kyrkja i går kveld går inn i rekkja av kveldar med store, gjennomgripande opplevingar. Her var det godsaker for både sjel og ånd.

Først ut var Inge Halstensen. Han tok føre seg kva Hans Nielsen Hauge har hatt å seia for kystkulturen på Vestlandet, og det var som vanleg eit både spenstig, opplysande og tankevekkjande foredrag frå hans munn. Han sette Hauge inn i historisk samanheng mellom andre som kom på kant med den etablerte eliten i tida.

– Det var ein avgrunn mellom presten og sokneborna på Hauge si tid, og i mange tilfelle var prestane utan empati med vanlege folk sin situasjon. Midt inn i denne situasjonen stig så Hauge med bodskapen om en kjærleg Gud som vil frelse av nåde åleine og med ein praktisk bodskap om hjelp til sjølvhjelp og kvardags- og arbeidsliv, sa Halstensen. Han viste vidare korleis dette sette spor, og korleis arven etter Hauge har prega utviklinga i områda her vest, heilt til vår tid. Området frå Flekkefjord til Kristiansund er gjerne kalle «Gullkysten». Det er her verdiskapinga skjer.

– Bonden på Ringerike kunne leggja seg utan sut for avlinga; den vart bra. Fiskarane på kyststripa vår visste at dei berre hadde ein plankebit mellom seg og æva. Difor søkte dei Gud og vart velsigna av det. Mange bedriftsleiarar var både haugianarar og søndagsskuleleiarar samstundes som dei dreiv svært framgangsrike bedrifter. Og skulle det knipa med likviditeten, fekk vår Herre beskjed om dette òg, gjerne med knepte hender under dyna, sa Halstensen til slutt.

Så var det dags for Osternes Mannskor til å framføra songane til Thomas Kleppe frå Engesund, som stod midt i denne haugianske tradisjonen. Det som overraska oss mest, var nok kor friske, melodiøse og velklingande melodiane hans var. At tekstane hadde eit kontrastfullt innhald, som spente mellom «jordens jammerdal» og  «himmelens herlighet», var me ikkje ukjent med, og Benedikte Meyer sette òg på ein svært god måte desse salmane inn i ein historisk-litterær samanheng. Og når mannen hennar, Svein Tørnquist, som òg har arrangert desse songane på ein glimrande måte, gjorde det same med musikken, fekk me ei svært fin og opplysande ramme rundt det heile.

Om framføringa til mannskoret er det òg berre godt å seia. Igjen synte dei sterkt mangfald ved å framføra ei ny stilart på framifrå måte. Solistane Martin Hatlevik og Tom Rydland gjorde som vanleg ein strålande jobb. Både kvar for seg, i duett og som trio med gitar. Denne gongen vil me òg gje ros til Terje Koløen som synest å vera inne i ei mykje god utvikling.

Konklusjonen må bli, som tittelen òg seier: Endå ein strålande temakveld. Det er berre å gle seg til neste gong. Då kjem TV-pastor Egil Svartdahl.