Endå ein kattunge er funnen. Denne gongen av Morten Bauge Torland, som vonar at dei som eig kattungen vil ta kontakt.

Morten skriv:

-Laurdag kveld blei ein liten kattunge funnen tuslande heilt åleine i Bakken, og seinare på kvelden kom den på døra mi, sulten og kjempekald.

Me trur at den lille søte kattungen ikkje finn vegen heim til mor, så me har teke han inn og gitt han mat, vatn og ein varmt stad å sova på. Me har også gått fra dør til dør i nabolaget og spurt om nokon kjenner til katten, men ingen veit kven det er sin. Han er veldig kosete og kjempenydeleg.
 
Er det nokon som veit kven katten er, og kven det er sin, ta kontakt på tlf: 48210404 (Morten).