Det har vore mange trafikkontrollar ved Engevik i det siste. Og i ettermiddag slo UP til igjen.

-Seks UP-patruljar gjennomførte i løpet av ettermiddagen fartskontroll på E39 ved Engevik. Det vart reagert mot 56 bilførarar, og ein fekk beslaglagt førarkortet etter at han hadde køyrt i 90 km/t i 60 sone.

UP hadde òg ein kontroll i Leirvik. Her fekk 20 bilførarar gebyr for ikkje å ha brukt bilbelte. Sju fekk førelegg for bruk av handhalde mobiltelefon, heiter det i politiloggen frå Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, skrive av operasjonsleiar Terje Tonning.