Fitjarjentene Ingvild Prestbø og Helga J. Raunholm, som går i 3. klasse på musikklinja ved Stord vidaregåande skule, spelar mellom anna Lola og politi i musikklinja si suksessfulle Emil-oppsetting denne veka.

Halvvegs, med to fullsette framsyningar bak seg og med mange rosande ord frå publikum klingande i øyrene kan dei smila bredt og slå fast at musikklinja si Emil-oppsetting er svært vellukka, ein stor suksess. 

Men suksessen har ikkje kome gratis. Medan andre har nytt ein siste smakt, eller for å ikkje sei ein første smak, av sommar, har avgangselevane dagleg i to veker teke bussen til Stord for å førebu oppsettinga. Det har vore ein enormt intens periode med mange lange dagar. Dei har hatt skulen og utstyret der til rådigheit men elles har 17- og 18-åringane i 3. klasse stått for alt sjølv. Dei har hatt ansvar for regi, kostyme, sminke, kulisser, dei fyller alle rollene, spelar i orkesteret, dei har baka til kiosken og gjort alt anna arbeid høyrer med til ei slik stor oppsetting. Det har vore mykje å gjera, og det mest utfordrande har nok vore alt ein må tenkja på i tillegg til rolla si, seier jentene som er ganske ferske innan faget. Helga, som har trombone som sitt hovudinstrument, fortel at det er ikkje så mykje teaterundervising dei har på skulen, berre i første klasse. Men dei klarer seg svært bra på scenen og har opptil fleire roller kvar. Ingvild er først Skrattgubben som sit på legekontoret og spyttar snus, så er ho Prosten i selskapet på Katthult og til slutt Lola, dama med skjegg, på marknaden. Helga er doktoren som skal prøva å få Emil ut av suppeskåla, før ho skiftar til uniform og fangar tjuvane på marknaden. 

Prosten (Ingvild Prestbø) i samtale med Emil og Ida i samband med selskapet på Katthult. Foto: Helga Rimmereid

Doktoren (Helga J. Raunholm) tek imot Emil og foreldra hans på legekontoret. Foto: Helga Rimmereid

Musikkslinje-elevane fortel at dei har lært mykje om skodespel gjennom å vera med på denne oppsettinga, men at det aller beste med denne intense perioden har vore samhaldet. -Det har blitt mykje betre samhald i klassen no, seier begge jentene.


Alle skodespelarane i Emil-oppsettinga. Foto: Helga Rimmereid

Og godt samhald kan koma godt med, for no skal snart heile klassen ut å reisa.

-Me har denne oppsettinga for å tena pengar til ein studietur me skal ha no i haust, forklarer Ingvild.

I oktober reiser dei til Berlin for å oppleva musikklivet der med opera, symfonikonsert og mykje anna kjekt. Jentene gler seg og har gjort ein stor, god jobb for å nå målet. 

Søndag ettermiddag går dei to siste framsyninga av Emil. Det er verkeleg imponerande kva ungdomane har fått til og kor godt dei står på eigne bein.  Har du ikkje fått dette med deg før så er det vel verd turen til Leirvik.