Jentegruppa «Seven» skapte feststemning i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, saman med eit felleskor med barn frå heile Samskipnadsområdet.

«Seven» er ei kristen jentegruppe som vart starta i 2003 med Melinda E. Løver som instruktør. Sjølv om dei er 14 barn i gruppa, stiller dei alltid med sju songarar på oppdraga dei får. Dei har fleire plateinnspelingar bak seg, og har audition ein gong i året, sidan jentene heile tida skal vera mellom 9 og 12 år.

I ettermiddag fekk me, saman med 4-500 andre i Idrettsbygget,  gleda av å høyre dei, og det heile vart ei strålande fin oppleving. 

Jentene var utruleg bra samstemte, og levde smittande godt med i det dei song. Ikkje berre smitta dei felleskoret som dei i einskilde innslag song saman med, men òg publikum som fekk vera med på nokre av songane.

Så var då òg Melinda E. Løver eit fyrverkeri av ein dirigent.

Ei flott stund, både for store og små.