Stord sitt herre-elitelag møtte Haugaland Handball til treningskamp i Kultur- og Idrettsbygget onsdag kveld.

Grunna omtale i Fitjarposten hadde 60-70 tilskodarar funne vegen til tribunen.

Stord-laget starta kampen godt, og gjekk tidleg opp til leiing 5-0. Haugaland kom etter kvart betre med, og var i føringa ein kort periode. Utover i andre omgang synte det seg at Stord var både sterkare og raskare enn gjestene slik at sigeren vart komfortable 35-27.

Unge Morten Christensen (biletet) spelte siste del av kampen på Stord sin høgreving. Christensen er halvt fitjarbu sidan mor hans, Mona (Røyrøy) Christensen er frå Fitjar.

For handballintresserte minner me om at Fitjar sitt damelag har heimekamp mot Gneist sundag klokka 15.55.