Elise (t.v.) skal til den nasjonale finalen i Minevraft. Her saman med søstera Amilie (som også var med på konkurransen). Foto: privat

Elise Helland gjekk heilt til topps i Fitjarmeisterskapet i Minecraft, og er klar for å møta 14 andre unge frå heile landet til finalekamp.

Bibliogames i samarbeid med Fitjar folkebibliotek og Fitjar ungdomsråd arrangerte Fitjarturneringane i Fortnite og Minecraft førre veke. Liknande turneringar gjekk føre seg i heile landet, og det er no klart kven som skal vidare til ein nasjonal finale.

I Minecraft-turneringa fekk dei unge i oppgåve å bygga eit “underjordisk skjulested” på ein time.

Elise i aksjon. Foto: privat

– Alle deltakarane frå Fitjar jobba godt og iherdig med oppgåva.. Det var mange kreative løysingar på oppgåva med hemmelege inngangar og fiffige detaljar, fortel biblioteksjef Silje Vågen Torbjørnsen.

Ho kan fortelja at det var Elise Helland på 8 år som stakk av med sigeren. Malin Stokken, 12 år fekk 2.plassen og Kjølv Aarbø Solheim, 10 år kom på 3.plass.

– Tysdag 14.april skal Elise representera Fitjar i finalen. Ho skal konkurrera mot finalistar frå heile landet, bl.a porsgrunn, Trondheim, Fredrikstad. Det er tilsaman 15 stk i finalen som går kl.16, fortel Vågen Torbjørnsen.

Victory Royale

I Fortnite-konkurransen på Fitjar var det 8.klassingane Marius Kongestøl Vik og Elias Gerhardsen som stakk av med sigeren.

– Laget skal representera Fitjar under finalen som også går tysdag 14.april, men kl.19. Dei skal møta finalistar frå andre bibliotek rundt om i landet, 30 lag i alt, fortel biblioteksjefen.

Finalane kan ein sjå på strøymeplattforma Twitch den 14.april ved å trykka her.

Fitjarposten ynskjer Elise, Marius og Elias lukke til!