– Betelskipet Elieser 6 vil liggja til kai i Sagvåg både fredag og laurdag, melder misjonssekretær Truls Nygård i Den indre Sjømannsmisjon.

Det vert møte fredag kveld og laurdag ettermiddag, og det vert song, tale, servering og lynutlodding om bord. Alt i beste Elieser-stil. Søndag går skipet til Huglo.

– Betelskipet er det siste året oppgradert med ny motor. I tillegg blitt utført eit stort vedlikehaldsarbeid på skipet, som vert nytta både som fiskarheim og møtebåt, i teneste for fiskarar og folket langs kysten, legg Nygård til.

Laurdag startar møtet kl. 17.00. (Mrk. tida) Stad: Ferjekaien i Sagvåg.