Under adventfrukosten til Fitjar Søndagsskule vart Eli Vestbøstad i dag heidra for rundt 35 år som søndagsskulearbeidar.
Det skjedde på den måten at alle barna som kom på søndagsskulen i dag skreiv namnet sitt på eit raudt hjarte som vart hengt opp på ein vakker, grøn blom. Blomen med namna på alle borna vart så overrekt Eli i slutten av frukosten. Eli Vestbøstad fylte nylig 80 år, og takka med dette av som søndagsskulearbeidar.
– Dette var overraskande, og litt rørande. Det har vore ei gjevande teneste å vera søndagsskulearbeidar, og eg kjem nok til å sakna dette, sa ei takksam Eli Vestbøstad, etter utdelinga.
Adventsfrukosten på Fitjar bedehus i føremiddag samla elles svært mykje folk. Dei fleste hadde med brød og litt pålegg, og det heile endte opp med eit heilt fantastisk koldtbord.
Unge og eldre syntest å kosa seg i lag, og Elisabeth Modestad heldt ein levande andakt der ho fekk forsamlinga med seg heile vegen medan ho fortalde om korleis profeten Elia høyrde Guds stemme i stilla.
-Kanskje treng me minna kvarandre om at me må ta tid til stille stunder, sjølv i ei travel adventstid, sa ho, til slutt.

Vegard Aarbø tenner «det første lys». Foto: Håkon C. Hartvedt