Rune Aarbø hadde diverre ikkje kameraet i posisjon då han møtte elgku med kalv. Saka blei den aller mest leste i 2019. Foto: FP-arkiv.

I dag har elgen vist seg i Fitjar, nærmare bestemt på Dalsmyro, rett sør for den såkalla «Indianarsvingen».

Det er vår mann i skog og fjell, hjorte- og harejeger Rune Aarbø, som melde dette i dag klokka 14.06.

Nøyaktig klokka 14.00 søndag såg han ei elgku med kalv passera fylkesveg 545 frå aust mot vest. Rune kom køyrande i bil, og fekk ikkje tid til å ta bilete før dei to elgane forsvann vestover i Rydlandsskogen. Den ivrige friluftsmannen er sjølvsagt ikkje i tvil om kva dyr han såg:

– Det er første gongen eg ser elg her oss oss, seier ein relativt oppstemt hjortejeger til Fitjarposten.

Me vil naturlegvis rykkja ut og sjå om me kan komma på hald av dei sjeldne dyra.

Her, midt på Dalsmyro, kryssa elgane vegen i dag. Foto: Kjetil Rydland.

SISTE: I ettermiddag har to hundeekvipasjar følgt elgspora frå fv. 545 på Dalsmyra gjennom Eresmoget, rett nord for Valbergshaugen. Derfrå gjekk ferda vidare ned over bakken som Arne Tislavoll i si tid fekk dyrka mellom Midttjødno og Søra Tjødno.

Nils K. Rydland fortel at det siste sporet han og den gamle elghunden hans såg, kunne tyda på at elgane for vidare vestover i skogen mot Svartasmoget eller Surefjellet.

Terje Aleksandersen og elghunden Simba fann heilt tydelege elgspor i Eresmoget. Leiaren i viltnemnda er litt tvilande til om han ynskjer seg ei elgstamme her på Stordøya.

– Me må i alle høve diskutera saka i viltnemnda, slå Aleksandersen fast.

Slik ser eit ferskt elgspor ut, legg merke til dei to avtrykka bak. Foto: Kjetil Rydland.
Terje Aleksandersen og elghunden Simba følgde elgspora til denne bakken midt inne i skogen. Foto: Kjetil Rydland.