Elevrådet arrangerte torsdag 1. november «elevkveld» i kantina på skulen.

-Tanken bak var å byggje vidare det gode sosiale miljøet som er på skulen, ved at elevane møtte kvarandre utanfor skuletida med god mat og lett underhaldning.

Ungdomsbedrifta «eplekjekk» frå VG1 Restaurant og Matfag hadde fått i oppgåve å lage til mat, og elevane fekk servert taco av beste kvalitet. Under måltidet var det quiz, og elevane imponerte med mykje variert kunnskap om så mangt.

Som avslutning på elevkvelden viste elevrådet filmen «The Avengers», demokratisk stemt fram av elevane på skulen. For dei fremmøtte vart dette ein kjekk sosial kveld, og elevrådet vil forsøke å få til fleire slike kveldar i løpet av skuleåret, skriv Dan Harald Torbjørnsen til fitjarposten.no.