– Elevar på Helse og oppvekst frå Fitjar vidaregåande førebur jula saman med bebuarar på Havnahuset, fortel avdelingsleiar Turid Bjordal ved Fitjar vgs til fitjarposten.no.

Elevar frå Helse og oppvekst har for tida praksis på Havnahuset. Dei har hatt ulike arrangement saman med dei eldre, og her er dei i full sving med julebaksten. Julemusikk og smaksprøvar høyrer med.

– Det er veldig kjekt med aktivitet, så dette er heilt topp, seier Klara Nilsen, og dei andre er heilt samde.