Fitjar vgs har elevar på venteliste. Det er ein ny og gledeleg situasjon. Bilete: Assisterande rektor Dan Torbjørnsen ved Fitjar vgs kan gle seg over svært god søknad til skulen. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Det ikkje gledeleg at det er elevar me ikkje kan tilby plass, men det er svært gledeleg at søknaden er så stor. Me hadde god auke i søknadsmassen i fjor, og auken har fortsett i år. Då tenkjer eg at me gjer noko rett, seier ass. rektor Dan Torbjørnsen til fitjarposten.no.

– Me opplever at elevane synest at det er eit godt miljø ved skulen med tett og god kontakt mellom lærar og elev. Lærarane er òg flinke til å motivere elevane – og elevane trivst godt hos oss.

Likevel er det alltid ei utfordring å jobbe med fullføringa av studiet. Som ved andre vidaregåande skular er det også hos oss nokon som ikkje fullfører. Derfor har vi sterkt fokus på dette, legg Torbjørnsen til.

Teambuilding
Så svært mange dagar er det ikkje sidan skulen starta opp att etter ferien, og når fitjarposten vitja skulen tidlegare i dag, var elevane på Helse- og oppvekst i gang med teambuilding for å bli betre kjende med kvarandre. 

Fitjarposten fekk ein prat med to av dei: Thea Vestbøstad og Paula Salvador.

Begge synest møtet med Fitjar vgs har vore godt.

– Annleis, men veldig kjekt, smiler Thea som er ifrå Fitjar og gjekk 10. klasse på Rimbareid i fjor. Paula er ifrå Spania, og er samd med Thea. Teambuildinga er òg bra, synest dei. Sjølv om Thea er ifrå Fitjar er det mange nye i klassen. I endå sterkare grad gjeld dette Paula.

-Flott å bli betre kjend med dei andre på denne måten, meiner dei begge.

Teambuilding 1: Thea (t,v.) og Paula lærer samarbeid ved at føtene er bundne saman. Foto: Håkon C. Hartvedt

Tilsaman er det no over 250 elevar på skulen, og det er ventelister på Vg1 Helse- og oppvekstfag, Vg2 Barne- og ungdomsarbeidar og Vg2 Helsefagarbeidar. Som nytt fag av året har ein no fått Vg2 Design og tekstil tilbake.

Teambuilding 2: Eggkasting. Her gjeld det å kaste eit egg til kvarandre og sjå kor lang avstand ein kan kaste det ifrå utan at egget går i stykker. Foto: Håkon C. Hartvedt

Teambuilding 2: